La alt Bergen fare

(CP4124-3)
Produktgruppe Sheet Music (external productions)
Produktkategorier Blandakor
Instrument Blanda kor
Besetninger SSATBB
Sider 15
ForfatterNødtvedt, Erlend
KomponistKalvenes, Tord
Utgivelsesdato 2017-09-26
Utgiver Cantando Musikkforlag
ISMN 979-0-2612-4124-3
Produkt type Fysisk vare
Stykket La alt Bergen Fare bygger på eit tekstutdrag av Erlend Nødtvedts bok
Bergens Beskrivelse (2011) og er skreve på bestilling av Kammerkoret Gneis.
Nødtvedt skriv eit språk som er både gamalt og nytt. Det er særs interessant å lese
korleis det bergenske språk blir integrert inn i eit oldtidsspråk. Den litterære stilen er
både rebelsk, alternativ, moderne og neo-klassisk, og det gjer store moglegheiter til å
framstille det musikalske uttrykket på ein variert måte.
Tittelen "La alt Bergen fare" er teken ut frå idèen om Nødtvedt sin språklege og
tematiske idè om å samanbinde fortid og notid inn i eit flytande og forvirrande
tilvære. Den musikalske stilen er først og framst moderne, men har også fleire trekk
med henvisningar til polyfoni og kontrapunktiske prinsipp, til dømes frå
rennessanse-/barokkstil. Tonemåling står sentralt i utforminga av stykket gjennom
metaforbruken. Stykket har i hovudsak ein intro og 5 deler med forskjellig tematisk
materiale. Likevel kjem fleire satstekniske og harmoniske idèar igjen, slik at stykket
har ein rekapitulerande formtanke. Harmonikken er ein kombinasjon av dur og moll
med eit vandrande tonalt senter og innslag av poly- og heiltoneakkordikk.
Stykket har planlagt premiere våren 2017, og er ein del av prosjektet "Bergens
Besyngelse", der fleire komponistar bidrar med verk med tekstutdrag henta frå same
bok.
Tord Kalvenes, 17.10.2016
PDF
PDF