Der sommeren ligger og drømmer - Tre salmemelodiar

(CN4161)
Produktgruppe Sheet Music (internal productions)
Produktkategorier Vokal
Nye salmer
Instrument menighet
Besetninger Menighet
Sider 3
Vanskelighetsgrad 1
ForfatterSandell, Lina
Skeie, Eyvind
Egon Askvik Dødsbo
KomponistAskvik, Egon
Komponert år 2017
Utgivelsesdato 2017-09-07
Utgiver Cantando Musikkforlag
ISMN 979-0-2612-4161-8
Produkt type Digital vare
Pris
Lagersaldo
In stock
77,06 NOK
(inkl. 25% MVA)
Pris: <div>77,06&nbsp;NOK</div><div class="taxtext">(inkl. 25% MVA)</div>
Desse melodiane har vorte til over fleire år. Pappa klunka på pianoet, bladde i salmeboka, alltid på jakt etter noko å spele. Nokre gongar kom det tekstar forbi som greip fatt, men dersom den tilhøyrande melodien ikkje tok like godt tak, vart det laga ein ny. Andre gongar var songen kjent og kjær, men då spelte pappa den med så mange variasjonar at det til slutt hadde oppstått ein heilt ny melodi. Etter kvart
vart dei nye salmane introduserte til oss andre i heimen, og seinare spelte vi dei inn på plate. No har dei funne vegen ned på notepapiret, og håpet er at fleire kan få gleda av å syngje dei.

På spørsmål om kvifor han har tonesett akkurat desse salmane, svarte pappa:
Dei har noko i seg som treff menneske. Av og til leitar vi etter eigne ord utan å finne dei, då har desse songane ord for deg. Dei gjev gjenklang i våre eigne liv.

Desse salmane fortel oss noko om oss sjølve, om livet, døden - og om Gud. Dei er rike på bilete; kviskrande skogar, ein sovande sommar, store fuglevenger og ein fars trygge hender. Nokre gongar har vi høyrt ein song så ofte at vi ikkje riktig høyrer etter teksten lengre. Ein ny melodi kan difor hjelpe oss til å lytte, ikkje berre på nytt, men kanskje også på ein litt annan måte. Tekstane til desse tre salmane ber bod om håp, trøst og takksemd. Det same har me opplevd med desse tonane.

Ingrid, Mari og Matias Askvik, januar 2017

Music XML
XML-Blott en dag

Music XML
XML-Bred dina vida

Music XML
XML-sommerens Gud

PDF
PDF