Vè no velkomne med æra

(CN3871)
Produktgruppe Sheet Music (internal productions)
Produktkategorier Blandakor
Choral Practice
Instrument Blanda kor
Besetninger SATB
Sider 4
ArrangørBerge, Håkon
ForfatterTrad
KomponistTveitt, Geirr
Komponert år 2015
Utgivelsesdato 2016-01-22
Utgiver Cantando Musikkforlag
ISMN 979-0-2612-3871-7
Produkt type Digital vare
Pris
Lagersaldo
In stock
28,78 NOK
(inkl. 25% MVA)
Pris: <div>28,78&nbsp;NOK</div><div class="taxtext">(inkl. 25% MVA)</div>
Tilgang til gratis øvingsfiler: logg inn på www.choralpractice.com, registrere deg og klikke på Choralfactory og skrive inn kode: cantando2016.

«Vé no velkomne med æra» har vore brukt i mange store høgtidlege samkomer, heilt frå den tide den
var Tveitefolket sin eigen høgst private velkomstsong som berre vart sunge nokre få gonger å året
når dei tre Tveitegrannane var forsamla rundt langbordet i vår eiga Gamlastova. (Den gjekk med då
gardshuset og heimen vår brann ned til grunnen i 1970.)

Etter at far min med age tok fat i den enkle tonen og løfta den vidare opp på podiet med sin eigen
fargerike orkesterpallett, har den vore framførd utallege stader med ulike orkestre - Den har vore
spelt under fleire Nobelprisutdelingar - utallege symfonikonsertar - 17mai-konsertar landet rundt -
mangfoldige CD-innspelingar - og eg opna LOOC sin orkesterserie med den på Lillehammar 1994.

Stor stas var det ogso då den var ynskt til Kong Harald sin 70-års dag og Håkon Berge ryngde og
spurde om han kunne få lov å laga kor-arrangementet som skulle brukast som velkomst i høve den
kongelege feiringa på Akershus Slott 21 februar 2007. Dette korarrangementet du no held i hendene
er meir utbygd enn den opprinnlege tonen.

Framleis, sjølv om «Velkomne med æra» har vorte ei kjær folkeeiga og spelt og sunge rundt store
delar i verda, anser me i familien denne songen som vår «heilt private», so ta fram høgtida i deg;
sjå for deg dei gamle tømmerveggane og eit storslagent utsyn ut over Hardangerfjorden, kor denne
songen høyrer heima og har sine røter…
Gyri Tveitt

Music XML
Legato-fil

PDF
3871-trykk.pdf